Albumet HALLINGDØLENS KNIV kjem ut i 2010, og vi kan blant anna skilte med namn som Arne Moslåtten, Bjørn Gunnar Sando og Bøygard.
Plata blir ferdigstilt i skrivande stund. Den er produsert av Sven Garås i DJD Studio. Dei lokale musikarane blir spelt inn av Tor Magne Hallibakken.
Influences
Låten ”Kjeringi” er dedisert Per Olav sin mentor og støtte i livet, fotsoneterapeut Ingrid Heiberg Ottesen på Geilo. Ho lever av og for å hjelpe andre, og er ei klippe for mange både i og utanfor dalen.
Meir info:
www.peronoss.com
kontakt@peronoss.com
sjå også: www.youtube.com/peronoss
Eg heiter Per Olav Noss, eg er født i 1980, og er frå Ål i Hallingdal!
Det beste eg veit er å synge, skrive og lage melodiar, samt lytte til andre sin musikk. Eg er definitivt ein pop-elskar, og sidan eg var ti, har eg hatt eit ynske om å stå på scena med fengande songar i denne sjangeren. Eg begynte så smått med musikk då eg var tolv, men det er ikkje meir enn sju år sidan eg byrja med musikk på heiltid, og endå mindre tid sidan eg begynte å synge på hallingdialekt. Det heile var ein modningsprosess. For å finne seg sjølv må ein stundom ro langt vekk frå seg sjølv. Det er som om eit hav av emne og idéar opnar seg når ein finn sin eigen måte å gjere ting på. Eg er stolt av å ha komme opp med ein ny sjanger; hallingpop!
Eg synest populærmusikken er undervurdert. Her kan det liggje mykje glede, smerte, lengsel og takksemd. Eg lèt meg i stor grad inspirere av gamle segner, og mystikken i den storslegne naturen der eg kjem frå. For det er til sjuande og sist naturen som bind oss saman, er det ikkje?
WHEN I HEARD YOUR MUSIC FOR A MINUTE THERE I THOUGHT I WAS AT THE CLUB...LOL...MADE ME WANT TO DANCE!!! I'M SO GLAD YOU FOUND ME...KEEP IN TOUCH...LOVE,TU-TU